tirsdag 29. mars 2011

Ein sjøgrønn sommar... eller turkis?


Sjøgrønn eller var det turkis?? Iallefall ser det ut til å vere ein "heit" farge i sommar:) Og det er jo heilt klart forståeleg!! Kalde fargar ein varm sommardag likar eg:) Om sommaren er i grunn sval for alle pastellfargar.... Her er litt inspirasjon:
Foto: Boligfryd


Foto: Kid Interiør



Foto: Kremmerhuset

Ynskjer alle ein fiiine kveld:)

mandag 28. mars 2011

Ein vinnar!!!!

Jippi!! Eg har vunne Giweaway hos Tomines hjem!!! 2 puter frå DAY, gler meg masse til å få dei:) I helga har vi så klart jobba i gamlehuset. Jammen stakk sola fram ein liten tur på laurdag og! Måtte ut å knipse dei flotte snøklokkene. Krokusane er og så smått begynt å blomstre. Verre er det her heime:(( Det snør igjen..... Endeleg vatn på kjøkkenet igjen:) Stua er avdelt slik som då far min var liten. Vi vil gjerne ha ei tv-stue og ei tv-fri stue!! Legg merke til lillesøster... litt lei kan man trygt seie! Oppussing er drittkjedeleg i følge storesøster:) Sparkle, pusse....
Neste helg tar vi fri;) Man blir jo litt lei... Og eg skal ha avslutning med jobb og vi skal i 30 års dag:)


Ha ein fin kveld:)

tirsdag 22. mars 2011

Stadig mindre 70-talls....

Så langt kom vi med plating av stua. Vi bruker renoveringsplater som er 90 cm breie og og 0,6 mm tjukke. Så skulle dei vere 2.40 høge sa dei på byggevarehandelen... tok ingen kontroll mål vi då!! Etter å ha drege dei ein time på hengar utover til kysten og bert inn 41 plater ifullt stress før regnet kom, oppdaga vi fort at desse kunne umuleg vere 2,40m!!! Riktig: dei var 2.50.. altså masse ekstra arbeid då alle må tilpassast på høgda:((




Ny vegg og gamal vegg,som var ein panel i ein eller annan brunraud farge...




Ute regnar og regnar det!! I morgon kjem det vist endå meir!!!! Det all denne snøen forsvinne fortare:)

Ynskjer alle ein fin kveld:)


søndag 20. mars 2011

Nok ein rosa drøm..

Det kjem vel ikkje som noko bombe at vi har jobba i Gamlehuset denne helga og! Jentene sine rom nærmar seg klare for gulvlegging og listverk:) Romma er ikkje så store og har ein buegang imellom. Trur jentene får det kosleg der alikevel..


På minstejenta sitt rom er det ein stor garderobe der iallefall alle kleda deira får plass.


Her ser vi inn på storesøster sitt rom, der den rosa veggen er komen på plass! Ho var sjølv svært så nøgd med den:)

Gresskarvogna til Askepott:)


Og her kjem før bilete!!! Litt endring kan ein trygt seie!

På stua er veggen som skal dele den komen opp og 2. 5 veggar er kledd i gips, skal vise det nestegang:)

God kveld alle saman!!

fredag 18. mars 2011

Stille for Japan.


Støtt Japan via Røde Kors her

onsdag 16. mars 2011

Neste prosjekt..

Her kjem då før bilete av stua! Skikkeleg 70-tall!! Huset var jo skikkeleg up to date i 1978, men vi ynskjer nok oss ein litt anna stil:) Men det er ikkje å legge sjul på at det er veldig rart og fjerne alle "spor" etter besteforeldra mine sin stil, har jo så mange gode minner herifrå! Men vi tar vare på litt små ting her og der som skal få leve vidare saman med oss.



Håpar ingen trur at det var sååå rotete her når før, det er etter vi begynte å tømme skuffer og skap og renovere kjøkkenet, for så å stue det inn på stua, at resultatet vart slik. Og to sekkar barbiedukker strødd utover!! Peisklumpen må vike, den tar altfor mykje plass..

Her ser ein dragaren. Stua var i gamledagar todelt. Det har vi og tenkt å gjere. Lengs frå kamera her vert tv-stua og daglegstua nærmast. I helg verte da med andre ord masse jobb igjen, men kjekt det når resultatet verte bra:)

God kveld alle saman:)

tirsdag 15. mars 2011

Er den ikkje fiiiin?

Leitinga er over!!! Eg har funne tapet til stua:) Er den ikkje fin? Eg har omsider fått gjennomslag for å dele stua igjen slik som den var i gamle dagar. Vi begynte å sette opp veggen no i helga men gløymde bilete så klart:( Denne tapeten skal vere på veggen i hovudstua der opningen mellom stuene blir. Dei andre veggane skal vere malte i bomull. Stua innanfor som blir tv-stue skal malast i varm lin:)


No: forledresamtale på skulen, fiiiin kvled til alle:)

lørdag 12. mars 2011

Vi snør ned!!!

Makan til vinter som vi har i år skal ein leite lenge etter trur eg... Iallefall når det gjeld snømengde!! I dag målte eg 118 cm djupne på plenen!!


Ikkje berre berre å vere pus i slike snømengder...


Litt bekymra for alle busker og planter!! Her ser ein så vidt kirsebærtreet!






Snart MÅÅÅÅÅ våren komme..... det kan iallefall slutte å snø!!!


onsdag 9. mars 2011

Innkjøp til Gamlehuset

Her kjem ein liten smakebit av vidare arbeid i Gamlehuset. Eg har allereie kjøpt gardiner til stua. Dei er i ein linblanding, fora og med maljar. Dei er ganske tunge og heng derfor fint. Svært så nøgd med desse:)



Fargehandelen i byen har hatt flyttesal og masse tapetrestar til ein billeg penge. Eg fekk denne tapeten frå Borge (ornament) for 50 kr. rullen!! Akkurat nok til ein vegg i gangen som skal få ei ansiktsløfting....

Denne vakre rosa draumen har eg hatt liggande ei stund. Det var meininga at lillesøster skulle ha den på sitt rom, men så vart det storebror som enda på det rommet til slutt og då passa det jo fint med den tapeten vi sette opp då vi bygde.... No skal storesøster få den på sitt rom i Gamlehuset. Jentene skal ha rom i 1.etg. Trur det vert veldig greitt med tanke på å bruke romma. Her har dei rom oppe, og der er dei aldri åleine å leikar... Lillesøster får heller ikkje gå i trappa åleine! Rommet dei skal ha eigentleg to små med ein bueopning mellom. Utfordringa blir vel å få dei til å sove på same rom!!!


Ynskjer alle ein kosleg kveld!!

mandag 7. mars 2011

Listing..

Nok ei helg med arbeid i gamlehuset. Men berre ein dag.... Vi må jo ha litt fri inn i mellom slaga og:) Denne helga har vi lista taket( manglar berre ei..). Det er utruleg kor mykje flottare alt verte når ein berre får taklistene på plass. Så er veldig glad for å ha ein så nøyaktig å flink mann:)) Det vart kjempefint!! Eg har krøpe rundt på golvet og klatra oppunder taket med akrylmasse og maling for å ta meg av alle spikarhol og skøytar!!





Enden på hetta skal ikkje vere slik altså, men får ikkje laga avslutninga før ventilatoren er på plass... men trur det skal bli fint:)


Slik vart golvlistene når alt er ferdig "flikka".


Her er eit oversiktbilete.... masse rot!! Fekk no rydda før vi forlot åstedet:) og JA lampa skal skiftast;) Har bestemt meg for samanhengande hylle heile vegen frå overskapa til hette og på andre sida av hetta... på høgre sida vert hylla etterkvart bytta ur med glasskap, men vi treng å gruble litt på korleis vi skal plassere dei, antal o.l.

Ynskjer alle ei fin veke:)

tirsdag 1. mars 2011

Nye lysekroner...

må eg ha då vi har solgt huset med dei vi har!!! Var ikkje planen men den nye eigaren ville så gjerne ha dei:)






Ha ein fin kveld!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails