tirsdag 23. februar 2010

Snart.....:)





Eg kan knapt vente til eg får begynne i hagen igjen;)))

søndag 21. februar 2010

Håp for skapet?


Det går framover.... har eitt strøk igjen:) Mørke brunt/svart utanpå og eggekvitt inni. Litt usikker på om fargen var litt for brun:/ Men det får eg nok ikkje svar på før det står i dagslys inne i stua. Listene er ferdig kappa og ramma som dei skal festast på er under produksjon;) Sjølvsagt skal dei og bli brune!! Så må eg finne nokre fine knottar. Har funne nokre fine hos Boligfryd, men gidd eg vente på dei i posten. Skal ha meg ein runde i morgon å sjå før eg bestiller.

lørdag 20. februar 2010

Bruktfunntørke!!

Eg har tråla dei bruktbutkkane som er her og Finn.no utan hell!! Jaktar på rimelege bruktfunn som kan verte store skattar...... finn ikkje noko som skrik mot meg: Kjøp meg, mal meg og bruk meg!!! Men det er vel prisen for å bu usentralt. Derfor går eg laust på eit furuskap eg har. Eg beisa det brunt for mange år sidan. Har lenge tenkt på det, men var vel i grunn komen dit at dynga var neste stopp for dette, men no skal det altså få ein siste sjanse i mangelen av noko anna;)) Såg at Charm design hadde gjort noko liknande, men ho hadde eit mykje betre utgangspunkt! Resultatet vart iallefall nydeligt!!!




søndag 14. februar 2010

Sidan sist....

Bloggeaktiviteten har ikkje vore så stor her i det siste.... Vi har hatt det travelt og hatt eit dødsfall i familien. Dermed har lysta vore litt så som så og. Men idag fekk eg ånden over meg:) Starta dagen med å sove lenge før eg tok ein liten skitur med storebror:) Så laga vi krem til fastelavensbollane vi baka igår og pynta muffins og sjokoladekake. Vi har nemleg hatt besøk idag. Vihar feira morsdagen ilag. Litt rart sidan det var første morsdagen utan vår alles kjære besta:( Men vi har mange gode minner etter ei fantastisk god og snill mor, bestemor og oldemor som vi skal leve vidare på!!


Har hatt masse friske blomar i hus i helga, ingen morsdag utan;) Ein favn lys rosa tulipanar og kvite liljer som fyller rommet med herleg duft!
På stua er sommar gardinene komne opp. Litt tidleg kanskje med er så herleg med noko som slepper den varmande sola inn til oss. Vindua ved salongen har fått grå liftgarndiner. Litt usikker på om eg likte det eller ei.... dei får no henge enn så lenge;)

Kjøpte meg og ei ny lykt igår, til 129 kr!!!! Det ser nok litt tomt ut hos meg no..... Vi har ei lita snuppe på 1,5 år som flyttar og ruskar i alt. Reddast det som reddast kan!!!
Ha ei flott veke alle saman:))

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails