fredag 28. januar 2011

Inngangsdøra



Fekk eit spørsmål angåande ytterdøra mi. Den er frå Gilje og heiter Dirdal. Eg vart litt misfornøgd då vi fekk den levert... den er slett på innsida. Men skal eg vere ærleg må eg seie at det igrunn var greitt;) Så greitt å halde reint. Eg er ei fulltidsjobbande 3 barnsmor og då er det funksjonalitet og det som er praktisk som gjelde:)) Er nok derfor eg har sprosser med 20 års garanti på vindua og;)) Eg likar veldig godt profilar og krysspostvindu og alt anna "dilldall"... Men det er ikkje mykje fint om ein ikkje har tid å vedlikehalde det!! Vi har klossar og knektar og kledning som tar si tid å male og halde reint så noko måtte vike;) Slik har vi prioritert, er nok mange som ikkje er einige men men. Ein må finne ut kva som fungere for akkurat deg!

Nattinatt:))

onsdag 26. januar 2011

Mot lysare tider..

Heldigvis går det mot lysare tider. Eg er igrunn ikkje noko vintermenneske, og i år starta vinteren vel tidleg!! No er det jo faktisk lyst når vi kjem heim. Småfuglane er veldig aktive utanfor kjøkkenvinduet vårt:) Her har vi ein slik beholdar til frø. Litt lenger borte har eg eit fint hus, men kjøttmeisene bryr seg katten i heile huset:))
Det er artigt å sjå på desse små hissigproppane:)) Veit de at den fine fuglesangen eigentleg er fuglane som kjeftar seg imellom!!??
Er det mat utanfor her? Monsen er og veldig nyskjerrig:)


Ha ein fin kveld:)


tirsdag 25. januar 2011

Må ha, berre må ha...

Denne vil passe perfekt hos meg i vår "nye" stue:)) E berre såååå masse å gjere før vi kjem så langt...





Den vert levert med to sett bein, eitt sett korte og eitt sett lang. Eg går nok for dei lange:)
Ha ein fin kveld:)

mandag 17. januar 2011

Min sofa...

Anette i Anetteshus.com har utfordra oss til å vise fram sofaen vår:) Her er min! Den er frå Hjellegjerde. Vi kjøpte den i 2003 og eg er IKKJE lei den:)) Veldig nøgd med farge, form og kvalitet.



Her har omsider influensaen slept taket etter 16 dagar!!! Bloggen har kome litt i andre rekke, energien pg lysta har vore litt so som so... Håpar berre ikkje vi får spysykja og no, den luskar nemleg rundt her:/

Håpar alle har ein fin kveld:)

torsdag 6. januar 2011

Jakta på drømmepeisen er igang

Den gamle murtepeisen i gamlehuset som tar "halve"stua må bort!! Derfor er eg begynt å tenke på korleis ein ny peis skal sjå ut. Likar godt når peisen har ei sentral rolle i interiøret. Denne peisen som heiter Vision Line frå Peisselskapet er ein klar favoritt. Den er og mykje brukt av Helene Hennie i hennar fantastiske arbeid.












Takk for fine kommentarar i forje innlegg. Det varmar!
Eg er framleis ikkje heilt i form og idag har eg alle tre ungane heime med sjukdom og.... Men det går vel over;)


tirsdag 4. januar 2011

Min beste venn...

Etter ei tids sjukdom måtte vi seie farvel til vår Casper.... Sjølv om all fornuft og dyrlege seier det var den rette avgjerda, gjer det frykteleg vondt!! Eg føler meg heilt knust!!


Casper blei berre 8 år. Han var ein blanding mellom springerspaniel og engels setter. Alltid glad og snill. Få kunne bade som han, fekk aldri nok. Han var min trufaste turkamerat... blir heilt rart å gå tur utan hund:( Det er så tomt her no, og eg kan ikkje stoppe å grine ... godt at vi framleis har Monsen..

Blir nok ei stund til vi skal ha hund igjen, er så ubeskriveleg vondt når ein mistar dei....

søndag 2. januar 2011

Årets nyttårsbord

Her kjem litt bilete frå årets nyttårbord:) Servise fekk mine besteforeldre til sitt bryllaup. Bordet er pynta med kvite amaryllis og julekuler. Under lysekrona heng det kuler, englar og orkidear.








No skal eg hoppe i seng straks. Har ein frykteleg vond hals, formen er aldeles ikkje bra...
Natti natt

lørdag 1. januar 2011

2010 del 2

JULI: Her er vårt flotte soverom i gamlehuset;)) Trur nok her blir litt endringar i fargar etterkvart...



Ferie:)) Vi hadde nokre flotte dagar på Helgeland hos svigerfamilien:) Alltid like kjekt;)









AUGUST:
Monsen kosar seg i sommar hagen.




Vi jobba for fullt i gamlehuset....

Her er eit soverom før....




Og etter:




Kjøkkenet før: Back to the 70's...





undervegs....




og så langt som vi kom:




Endeleg fekk vi nokre etterlengta sommardagar og den nye uteplassen vart beisa.




Deilege varme dagar med mykje kos ute...




SEPTEMBER: Denne månaden innhaldt MYKJE reising med jobb!

Ein tur til idylliske Skjerjehamn




Ein flott tur til Ungarn som vart avslutta med 2 dagar i Budapest.




Sola varmar framleis god i ein lun krok.




OKTOBER:

Eg presenterte ein av min hobbyar...




Haustkos i stua med nye lampar og alt;)



Og vinteren kom...ALTFOR tidleg!



Trappa fyljer årstidene, her er det haust.




NOVEMBER: Vinteren har festa grepet!!



Mørkt og kaldt ute, då er det godt å gjere det lunt og kosleg inne.




Begynte så smått med litt julepyntlaging, her er nokre papirstjerner.




Adventstida tar til...


DESEMBER: Adventstida i år gjekk fortare enn nokon gong synest eg! Dette var ein månad der det skjedde mykje: bytting av benkeplater på kjøkkenet, takka ja til ny jobb og vi tok avgjer om å flytte ut til Gamlehuset.




Litt baking vart det sjølvsagt tid til;)



Til jul fekk lillesøster mykje nytt og raudt til rommet sitt.




Noko av det kjekkaste med jula er sjølvsagt borddekkinga;)





Ynskjer alle eit fantastisk nytt år! Vi bloggast;)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails