No begynner det jammen å nærme seg flytting, innan 1.juli skal vi vere ute herifrå!!! Og ikkje minst vere ferdige med det nødvendige i gamlehuset!!!! Denne helga vart eg nesten ferdig med tv-stua (den som er begynt på her). Men bilete gløymde eg å ta i farten, returen vart noko før vi hadde tenkt grunna sjukdom, igjen:( Alle er på betringens veg no iallefall.

Over vindua i begge stuene har det vore gardinbrett med lysrør bak. Dei er SJØLVSAGT borte, vi skal henge opp nokre spotskinner her, sidan vi ikkje tar igjen taket. I TV-stua held eg på å bearbeide mannen litevetta! Eg har så lyst på ei svart lysekrona ala denne frå Ellos. Den blir hengande midt i rommet, de kan sjå uttaket på bilete over... Rommet får mørk beige veggar og litt tunge gardiner (vurderer faktisk skinne i taket:)) Dette er jo mannens rom;)

Sen andre stua får denne tapeten på veggen mot tv-stua og heilt lyse dei andre veggane.

Her ser det litt eksperimentering;) Gardina hengande i døra, hehe!! Må jo sjå om alt passar saman!!!

Denne lampen kjøpte eg på restesalg for 50 kr. for ei tid tilbake, den skal og henge i den stua.

I gangen klarar eg ikkje heilt å bestemme meg... Den som heng der gjer for dårleg lys, gult glas... Her nærmast trur eg det verte spotskinne igjen, rommet vender mot nord og bakken bak huset så her trengs lys!

I ytterste gangen tenkte eg kanskje noko liknande desse??

Denne krona har eg såååå lyst på til kjøkkenet!!! Må ha, berre må ha;)

Her telle vi ned, 5 dagar til avreise Dubai:)