Snart er det mai, og i helga skal vi i konfirmasjon. Mamma har i heile april sydd på bunadar! Ny skjorte til seg sjølv, sydd ut min (måtte desverre innsjå at kroppen ikkje er den same som når eg fekk den som 15 åring) og sydd inn min lille Hardangerbunad som eg hadde som barn. No skal mi eldste få den;) Ååå det er så stas!! Eg fekk den av mormor og morfar:) Mamma er fødd og oppvaksen i Hardanger, foreldra er frå Solund. Vi er ein familie der alle damene har bunad. Mamma har Hardangerbunad, er Sunnfjordbunad, mormor og svigerinna mi Sognebunad, to tanter med sunnfjordbunad og ei med Sunnhordalandsbunad. Søskenbarnet mitt har ein frå Rogaland, hugsar ikkje namnet... Kan tru vi er fine samla;))

Her sit eg på kyrkjemuren i Odda som 5 åring:)
Her saman med 3 av mine besteforeldre, besta i Sunnfjordbunad og mormor i Sognebunad

Eg må innrømme at eg synest Hardangerbunaden er den flottaste!! Berre sjå på detaljane:

Ha ein fin dag:)