Viser innlegg med etiketten Soverom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Soverom. Vis alle innlegg

søndag 18. november 2012

"Nytt" soverom

Ja då var det jammen lenge sidan sist... igjen!! Skjer ikkje så mykje på interiørfronten, skjer så mykje ellers, dermed verte bloggen nedprioritert. Men satsar på at det verte litt meir aktivitet snart, både på bloggen og i huset ;) Vi har bytta soverom med lillesøster. Ikkje det største rommet i verda, men jentene treng det store rommet til leiking!! Vi skal no berre ha plass til senga vår vi då:) Fargen er varm lin frå Jotun. Beklagar det heller dårlege lyset... men slik er det jo på denne tida av året;)
Ha ein fin søndag vidare!

tirsdag 17. januar 2012

Hugsar du dette?

Vårt mindre pene soverom.. Eg har litt tankar om kva eg kunne tenke meg og gjere.. det vil seie eg har fleire idear! Problemet er å bestemme seg for kva ide ein går for og halde seg til den.




Og i kva ende av fargeskalaen landar vi?




Ha ein fin dag:)

torsdag 22. september 2011

Soveromsdraumar...

Dagane går jammen fort! Eg har vore åleine heime med ungane i 3 dagar, så tida strekk liksom ikkje til anna enn det nødvendige.

Etterkvart som haustmørket kryp over oss og det ular og stormar ute, så kjenner eg behovet vert større og større for å fikse soverommet vårt! Det er ikkje så koslegt med rosa blomster, tapet som ramlar ned og morkent teppe! Så er det det store spørsmålet, korleis skal det bli?? Rommet er ganske stort ca. 16 - 17 m2 med takhøgde på 2,70. Så her er heilt klart eit bra utgangspunkt.

Dette rommet er jo berre lekkert!




Litt meir lux!



Krølle seg saman oppi her saman med elgen i haustmørket er ikkje feil!







Meget delikat...




Litt mykje hotellfeeling kanskje?!




Som mange hos mange andre er dette soverommet ein klar favoritt!!



MEN: Først får eg gjere ferdig 3 gangar og trappa. Trappa skal vi prøve å pusse for så å male den...


Ha ein fin dag alle saman:)










LinkWithin

Related Posts with Thumbnails