torsdag 21. juni 2012

Her er eg...

Iallefall ei lita stund inn i mellom. Dagane går fort og sidan sist har eg vore både på tur til Geiranger og i nydeleg bryllup. Denne helga er det nytt bryllup og feiring av rund dag. Alltid kjekt å vere litt sosiale. No er slåtten og i gang og vi tida går med til det. Kyrene er komne ut og nyte lange dagar i grønn overflod! Nokon som legg merke til ferdigmalt terrassegolv?? Fargen er varm grå frå Jotun. No gjenstår berre eit strøk på rekkverket.Lyktene er frå Slettvoll og heilt klart ein favoritt. Vi har kjøpt oss noko vi har ønska oss lenge, heng med så får de kanskje sjå etterkvart;) Klem i sommarnatta:)

fredag 8. juni 2012

Eg har mala trappa oppatt. Kom fram til at det vart "lettare" med heilt kvit istaden for svart søyle og gelender. Kva synest de??

torsdag 7. juni 2012

Syrin..

Joda da e liv:) Men her er så mykje å gjere, så bloggen har ikkje vore prioritert. Akkurat no held eg på å setje opp gjerde så vi får sleppt ut kalvar og kyr:) Ute blomstrar syrinen. Sånn ei herleg luft! Måtte ta inn litt og;)

lørdag 26. mai 2012

Rhododendron.. i all sin prakt!

Besta var veldig glad i rhododendron. No er desse blitt store og flott og vi kan nyte dei og minna om mi hageglade besta i sommarvarme:) Vi har flytta ut for tida;)
Nyt veret alle saman:)

søndag 6. mai 2012

Berre lekkert altså!

Dette soverommet designa av Anemone Wille Våge er berre så flott!
I dag vakna vi til snø og blest!! Grrr.... lika det ikkje! No har sola heldigvis smelta det meste av snøen men fy kor surt det er... Vi hadde planar om å sette opp gjerde i dag, må iallefall bli i termodress det;) Klem frå Ann

mandag 30. april 2012

Vårteikn..

Det finns mange vårteikn.. Humla, løvetann, nyplanta sommerblomster, gylling (og då tilhøyrande lukt!) og som vi har jobba med i helga.. terrassevask/maling.. Vi har først spylt grundig, så skrapa... No er første strøket på rekkverket ferdig. Golvet skal malast i fargen varmgrå. Det har eingong vore malt svart med beis... så derfor må vi og male det. Eigentleg skulle den vore oppgradert... MEN vi gidd ikkje legge så mykje pengar i den sidan vi neppe beheld den slik ved ei ev. om/påbygging av huset.
Før:
Dette er det pappen har nytta helga til :)
I morgon skal vi på tur med barnas turlag og deretter grilling med gode vener:) Ha ein fin 1.mai alle saman!

lørdag 28. april 2012

Skifer er lekkert!

Ein uteplass med skifer hadde ikkje vore å forakte:) Berre sjå her:
I morgon er det meldt nydeleg ver her, så då er det hagearbeid. Godt å komme heim til fridagar og vårsol! Ha ein fin lørdag alle!

søndag 22. april 2012

Våren er her!

For ein deilig dag! Fin temperatur og sol heile dagen:) Vi har vore ute i heile dag. Eg har sett opp resten av stolpane på vestsida av huset, gravd av torva nede i hjørnet mot vegen der vi skal lage bed og laga ein liten plass av heller med "leveggar" av Skogsjegg. Skogsjekket blir godt over 1 m så det lunar godt og sjermar mot innsyn. Ser litt puslete ut, men blir bra utover sommaren tenker eg. Pappa har køyrd jylle i helga så skikkeleg "vårlukt" i lufta;)
Påskeliljene blomstrar for fullt. Vi har fleire sortar, nokre svært gamle og. Snart kjem og pinseliljene!
Imorgon kveld fer eg til Trondheim på kurs i 3 heile dagar. Ha ein fin kveld:)

lørdag 21. april 2012

Ein grå dag...

Etter mange flotte vårdagar, vakna vi i dag til ein regntung og grå dag... Men i morgon skal sola komme tilbake:)Har ein del hageplanar i helga og det er så mykje hyggelegare når det er fint ver:) Morgonen har vore nytta til ein kjapp vask av kjøkkenet og rydding av bad... er liksom ikkje så mange dagane sidan sist kjenner eg... Nokon som kjenner seg igjen kanskje?!
Ha ein fin lørdag alle saman:)

onsdag 18. april 2012

Vårifisering!

Ute vårast det for kvar dag som går... Fann ut det var på tide å gjere det litt vårleg inne og:) Tv. stua har fått lyse puter og linsjermar på lampane. I spisestua tenkte eg å prøve å ha kvite stolar rundt bordet. Må sjå litt etterkvart om det verte ein suksess;) Spisebordet har eg ein plan for, må berre finne tida til det. Ute kjem det stadig fleire gjerdepålar om så håpar gjerde og kanskje hekk kjem opp iløpet av helga:)








Ha ein fin dag alle saman!

søndag 15. april 2012

Bestens gamle port

Denne helga har besten sin gamle port fått nytt liv... ialle fall nesten, mangla litt maling. Denne porten har ikkje vore oppe sidan eg var liten. Synest det er så fint å ta vare på noko av det fine og med affeksjonsverdi i hagen! Besta var veldig glad i hage. Når eg var liten var den fantastisk! Eg har fleire minner til turistar som stogga på vegen å tok bilete. Desverre har det ikkje vore gjort så mykje anna enn å klippe plenen dei siste åra... så mykje av blomane er borte, tre er daude og busker overvokst. Med det som er verdt å ta vare på prøver vi å behalde og klippe ned. Vi har mange planar etterkvart:)



I fjor sommar tok vi vekke ein gedigen granhekk. Berre sjå kor mykje av plenen som som er brun!! No har vi endeleg fått vekk all veden og renska opp, så no skal det opp gjerde og ny hekk. skulle gjerne hatt stakittgjerde, men vi treng sikta frå vegen både i vår port og avkøyrsla til naboen. Hekke skal derfor heller ikkje plantast heilt ned til vegen.



Desse helgane går så fort!! Denne helga har vi vore ute frå morgon til kveld:)

Ha ein fin kveld alle!

lørdag 14. april 2012

Moro med barna

Etter inspirasjon frå Foreldremanualen er vi i gang med å lage artige oppbevaringskrukker. Det er så enkelt som sytetøyglas men dyr limt på lokket med limpistol. Vi har såklart valgt gårdsdyr.Desse skal så spraymalast i ønska farge. Her ute i perifirien er det slik at butikken ikkje alltid har inne det du vil ha tak i, så dei står her på vent til den lokale fargehandelen har fått inn spraymaling.Satsar på eg får tak i den idag:)





idag skal vi så erteblomster og litt grønnsaker. Planen er å lage ein liten grønnsakshage ute og. får sjå kor langt vi kjem med det denne helga. Vi har fortsatt MASSE ved igjen som må takast og så ein halvferdig sandkasse som treng sand og fiberduk.




Ha ei nydeleg vår helg alle saman:)

torsdag 12. april 2012

Urørt.




Min blogg er ikkje av dei nyaste, men har vore sjeldan i rampelyset på NIB så sleng meg med denne gangen:) Dette bilete frå stua mi beskrive igrunn min stil godt.

No skal vi på sykkeltur:) Ha ein fin kveld!

tirsdag 10. april 2012

Nydelege jenterom

Litt inspirasjon på ein regnfull kveld:)











God natta alle!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails