lørdag 4. februar 2012

På besøk:)

Søskenbarnet til mannen flytta heim til bygda for nokre år sidan. No er snart den store husdraumen ferdig. Og ein draum av eit hus er det. Det kjem til å bli veldig fint! Idag fekk eg lov å ta litt bilete. Dei var med mobilen så kvaliteten og lyset er så som så...





Eg synest fargen på utsida er så flott! Idag la eg merke til dei kvitmalte kistene, synest det var lurt, det verka så mykje lettare då.




Her er frå stua, masse store vindauge og dagslys inn, og ikkje minst ei fantastisk utsikt utanfor.



Her kjem kjøkkenet. Det er opa løysing mellom stue og kjøkken, berre ein vegg imellom. Romma er store og luftige.



På endeveggen i stua har dei hengt opp ein flott tapet med mønster i skimmer. Desverre kom den ikkje så godt fram på bilete. Langveggen har dei malt i ein gråfarge som vart mest lilla då den kom på veggen.. Så idag bestemmte seg for å istaden malen den i Jotun pure colour, kvit lin etter tips frå meg:) Får verkeleg håpe det vert fint då, så dei slepp meir ekstra arbeid!



Her skal eldste guten bu, denne tapeten var berre så kul!!!



Den andre broren har fått sjølvlysande dinosaurar!!



Stort flott vindu i loftstua og open himling.



Her er frå badet, open himling her og! Elskar stor takhøgde eg altså!!



Her skal lillebror i magen bu;)



Og sist men ikkje minst, UTSIKTA!! Bygdas finaste:)

Ha ein fin lørdagskveld alle saman!

1 kommentar:

  1. Wow,for eit flott hus og DEN utsikta da!!!Likte kjempegodt fargen på huset eg også.Og dei store vindua....sukk:)

    Ha ein fin kveld ☺
    Klem frå Mette.

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails