onsdag 11. januar 2012

Trappeprosjektet...

går på framover.. Litt får vi gjort i ein travel kvardag!! 3 trinn og rekkverket (det svarte) gjenstår. Vi (les: mannen) har sparkla, så pussa og malt! Så pussa igjen og endå eit strøk. Fargen er bomull og amlinga er 3 stjerner.

Tidsklemma har verkeleg meldt seg hos oss no etter jul, to pendlarar mange fritidsaktivitetar for ungane og fjøsstell... kjenner det er litt i overkant!! Håpar å få "roa" ned litt etter kvart.

Resultatet blir bra:



Her er utgangspunktet:




Ha ein fin kveld alle saman:)

søndag 1. januar 2012

Året som var i bilde

2011 var i stor grad mykje før og etter for oss. Vi flytta til gamlehuset på heimgarden min i slutten av juni. Vi selde derfor huset vi bygd for 5 år sidan, vemodig og veldig kjekt på same tid. Eg føle i grunn at ringen er slutt no når eg er komen heim:) No gjenstår det berre å sjå om vi får kvardagen til å gå opp med to pendlarar i full jobb, fjøsstell og 3 barn med fritidsaktivitetar. Vi har eit prøve år fram til sommaren, men håpar av heile mitt hjerte at vi framleis kan bu her på garden: Livet på landet er nemleg hærlegt!!







Tusen takk til alle mine lesarar og til dykk som legg igjen så mange flotte kommentarar de er berre fantastiske! Stor klem:)

lørdag 31. desember 2011

Jula med Dagmar..

Då er vi komen heim frå juleferie i Nordland. Langs heile vestkysten har vel denne jula vore prega av masse vind. Når ein hugsar tilbake på jula i 2011 trur eg det vi vil hugse er alt uværet. Her heime har Dagmar velta eit stort ospetre nedover bakken. I fallet har det "skrella" storegrana på eine sida. Storegrana er ei svær edelgran på 30m og nesten 200 år som stær midt på garden. Her ser ikkje ut! Vi har starta å rydde på ospa. Så får vi sjå om resten kan stå eller om vi må ta grana og dei to gjenståande ospene etterkvart og... Det er slik med tre som står tett at dei stabiliserer kvarandre. Så når ei vert vekke vert dei andre svært utsett og vi snakkar her om STORE tre! Då treet fall tok det og straumlinja til huset vår. Vegen til kommunen vår vart stengd av ras, det er den framleis. Så for å komme nokon stad må vi ta ein omveg om nabokommunen med ferje! MEN: det er anddre som har det langt verre enn oss. Løer, hus og campingvogner er blåst i fillebitar. På turen heim fekk vi sjå mykje! Dagmar har herja stygt i indre Nordfjord! Bileta er før og etter Dagmar...









No skal vi berre nyte det som er att av jula og nyttårshelga. Vi har ikkje pynta så mykje i år sidan vi har vore bortreist men litt pynt må vi jo ha. Og eit lite juletre som er sjølvplukka:) I kveld skal vi feire nyttårsaftan her heime og i morgon tar vi ein tur til Førde til mamma håpar på open veg då;)

Ynskjer alle mine leserar godt nytt år!!

lørdag 24. desember 2011

Jul og juleferie



Fjorårets juletre.

Eg vil ynskje alle riktig god jul:) Tida har ikkje strekt til i år før jul, så bloggen har blitt skadelidande. Men no er eg ferdig med alle årsrapportering så no kan julefreden senke seg. Vi feirar jul i Nord-Noreg med svigerfamilien i år. Det er ein lang tur på vinterføre med det gjekke berre fint:) Svigerinna mi her oppe venta ei lita jente no til jul, og medan vi var på veg hit, såg ho dagens lys:) Så no har vi to nieser med bursdag lillejulaftan!! Vi skal heim i romjula, men vi må sjå an vermeldingane... Dei lovar jo ikkje akkurat godt!

God jul til alle mine kjære bloggvener der ute. Dåke er berre heilt fantastiske alle som ein!!

søndag 18. desember 2011

Julepresang!

Her er vår julegave til oss sjølv. Ny sofa i tv-stua:) Veldig nøgd!!








Eg har fortsatt problem med blogger, når ein lagar innlegga kjem bileta opp som masse tekst... det meste av symbol på verktøylinja manglar. Andre som har opplevd det same?

Idag skal eg rydde og pynte litt til jul. Vi reiser på torsdag så merkar tidspresset no:)

Ha ein fortsatt fin søndag:)

tirsdag 13. desember 2011

Ikkje berre er det jul snart...

men snart snur sola og!! Eg er igrunn ikkje noko vintermenneske... Ser fram til utedagar i hagen, leikande ungar i kortebukser, jordbær, grilling, dukkevogner og så klart litt hagesysling:)



Men først er det jul:)

søndag 11. desember 2011

3.søndag i advent.

Kosar meg med levande lys og bloggar no på morgonkvisten! Idag startar vi på eit lite prosjekt og så skal vi inn til byn på familiejulebord.



Ha ein fin 3.søndag i avent!

lørdag 10. desember 2011

Eit aldri så lite llivsteikn!

Skal seie dagane går fort!! Bloggen har desverre blitt nedprioritert i denne travle førjulstida. I tillegg har eg starta i ny jobb dvs. hos gamal arbeidsgivar men ny jobb. Veldig kjekt å vere tilbake hos koslege kollegaer. I dag har eg og minstejenta handla litt julegåver. I morgon skal vi på søndagsope i byn og familiejulebord på hotellet med ein vennefamilie. Det har vi vore før og, veldig kosleg.

Huset er førjulspynta, her pyntar vi til jul lillejulaftan. I år skal vi til mannens familie i nord-Noreg på juleferie, så i år må eg pynte litt før. Eg og mannen har kjøpt gave til kvarandre på førskot i år:) Reknar med eg kan vise den fram om ei vekes tid;)

Denne fine lykta har eg kjøpt gjennom Casa interiør, dei har så masse fint! Ramma på kjøkkenet lenger nede kjem og derifrå, den skal etterkvart få bilete av våre eigne;)



Eg er vel strengt tatt ikkje heilt i rute med julebaksten iår, men peparkakehjarte med vindu har mamma tradisjonen tru laga med ungane. Dei heng i kjøkkenvinduet. Og eitt i kransen på ventilatorhetta.



Fortsatt god førjulstida alle saman:)

onsdag 30. november 2011

Kalender

Desse sit klare og ventar på 3 spente barn i morgon:)



Her stormar Berit og alle søstrene hennar!! Ynskjer alle ein fin kveld, eg må prioritere jobb i kveld og så eg verte ferdig til jobbskife over helga!

søndag 27. november 2011

1.søndag i advent.

I dag har vi kosa oss. Vi har ikkje gjort så mykje "arbeid" men det er jammen god av og til! Her er nokre i hyrten og styrten bilete frå kjøkkenet i formiddag med søndagsmiddagen i ovnen. Vi er igrunnen nøgd med kjøkkenet. Vi brukte noko av den gamle innredninga, mala den og byta vask og benkeplater, nokre nye hyller og tallerkenhylla og vips eit heimekosleg og heilt ok kjøkken! Vil du sjå utgangspunktet kan du jo trykke her.


Adventstaken på bordet brukar eg vanlegvis ikkje på kjøkkenet litt stor.... men det va de å finne att alt etter flyttinga då... Dvs eg veit kor den andre er men har ikkje GIDDA å finne den fram innerst i eit skap på loftet.

I morgon tar eg til på siste veka på jobben min. Blir travelt for å bli klar med alt til å forlate det. Men gler meg vilt til å komme tilbake til min gamle arbeidsplass og den flotte gjengen der:)

Ny kvelden:)

lørdag 26. november 2011

Adventstid...

Å så var jammen advent!! Skal seie at tida går unna. Eg har hengt opp stjernene og pynta litt mannen er sendt avgårde for å kjøpe lys. Eg helde på med litt andre prosjekt og. No har eg jammen kome gjennom alle pappkassar frå flyttinga, problemet er at vi har altfor lite oppbevaringsplass då eg ikkje vil ha det på loftet eller i kjellaren...








Førjulstida er tid for kos, viktig å hugse på i alt stresset og:) Ha ein fin dag alle saman!

mandag 21. november 2011

Lekkert frå Living

Må berre vise desse bileta frå Living! Meget lekkert altså!! Living har fått mykje kritikk for å kopiere Slettvoll (og andre kjende merke). Kanskje spessielt av Slettvoll sjølv... Vi ser jo alle likskapen! Eg må seie eg er litt usikker på kva eg meinar.. Eg tenker som så at vi igrunn alle lånar idear frå kvarandre heile tida... Men her snakkar vi muligens kopi?? Jaja, lar det vere opp til andre å bedømme, fint er det alikevel. Og kvalitetsmessig og service trur eg ikkje Living kan når heilt opp nei:) For Slettvoll er det jo eigentleg eit stor seier at andre vil ha det dei har laga!





Ha ein fin dag vidare:)

søndag 20. november 2011

Rød jul!

Kjenner eg er veldig i julemodus for tida:) Masse kosleg å sjå fram til i adventstida:)





Ha ein fin kveld:)

onsdag 16. november 2011

No nærmar det seg..

jul!!! Eg startar ikkje juleforberedingar før i adventstida, forutan nokre julegåver:) Trur eg hadde blitt lei om eg skulle starta så tidleg. I år skal vi etter planen feire jul med mannens familie i Nord-Norge. Der har vi aldri feira jul så det blir spennande. Eg håpar berre på fine køyreforhold!!




Her går det i eitt. Aktivitetar for ungane på kveldstid, mykje jobb og fjøsstell. Om vel to veker startar eg i ny jobb som innebære meir pendling. Kryssar fingrane for at vi får kvardagen til å gå opp alikevel;)

Ha ein fin kveld alle saman!

søndag 13. november 2011

Helgas syslar..

Det er tid for å tenke på julekort. I går hadde vi ein nydeleg dag. Her på garden er det mange spennande stadar å ta bilete, så vi tok med ungane ut og knipsa mange flotte bilete.




Endeleg kom kalven ungane har venta på og:) Alltid like stas! I dag har vi feira både pappaen i huset g morfaren med god middag dessert og kake. kvelden vart avslutta med ein trimtur med ei god venninde. Herleg med ei helg utan sjukdom (litt hoste har vi framleis, men det er blåbær:))

Ha ei fin ny veke alle saman!

torsdag 10. november 2011

Trappegang full av minner.

I trappegangen har vi fått plass til ein del kjære minner og bilete. Over trappa har denne flotte skuta fått seg ei hylle. Båten var den min morfar som laga. Då han døde fekk alle ungane og barnebarna ein båt. Å lage kopiar av gamle sjarkar og seglsskuter frå sin barndom var hans store hobby.



Fotografia har eg teke sjølv. Desse er tekne frå plassar vi har vore som det er knytt spesielle minne og opplevingar til. Her er plass til fleire!

Det nydelege maleriet av Torghatten er det svigermora mi som har måla. No heng det slik at mannen min på ein måte startar kvar dag med å sjå heimatt:)



Ha ein fin dag alle saman:)

onsdag 9. november 2011

Storesøster sitt rom.

Her kjem ein liten kikk på storesøster sitt rom. Ho har fått ny seng, lillesøster har overtatt den gamle.


Mammaen har spikra eit aldri så lite dukkehus;) Arealet går i høgda då roommet hennar er veldig lite... Taket på huset skal og malast..


Prinsessa sjølv er svært nøgd og det er jo det aller viktigast. Då er mora nøgd og (når ho har fått stroke gardinene vel og merke)!


Ha ein fin dag alle saman:)

tirsdag 8. november 2011

Ugler i mosen?

Neida;) Ugler på veggen! Lillesøster har fått ein vegg med ugler frå Ferm Living. Ho er veldig glad i dei sjølv. Storesøster er ei skikkeleg prinsesse, det har ho alltid vore. Når då lillesøster ikkje er like rosa i sin smak, benytta mammaen sjansen til å lage eit litt artigare soverom;) Storesøster har og fått nytt rom oppe. Skal vise bilete etterkvart;) Hennar gamle skal vere leikerom leikerommet skal bli garderobe!! Vi flyttar vist rundt i ring, på leit etter det som funkar best:)


Her er vi endeleg på betringens veg, etter nok ei helg fram og tilbake til barneavd. denne gongen med lillesøster. Vi kryssar fingrane for at det fortsette den vegen!!

Ha ein fin kveld alle saman:)

fredag 4. november 2011

Litt framgang..

både på eine og andre måten. Storesøster er ferdig med antibiotikakuren og er mykje betre. Men heillt bra er ho ikkje... Har framleis vondt i hovuddet no og då og litt smerter hunda. I følge legane vil dette gå over etterkvart. Ho klarar halve dagar på skulen. Sjølv brukar eg det meste av dagen på å bekymre meg kjenner eg.... Og det hjelper lite at lillesøster har vondt i hovudet og ein grusom hoste.... men heldigvis ingen feber endå! Tusen hjertleg takk for alle fine kommentarar i forje innlegg, det varmar veldig:)

Når ein orkar er det greitt å gjere litt andre ting for å bryte tankerekka litegranne. Loftsgangen begynner å komme seg. Skal male taket og dørene eitt strøk til, legge ned nytt golv og vaske vinduet:)

Har og eit anna prosjekt på gang der desse tøffe uglene frå Ferm Living spelar ei sentral rolle:)


God helg alle mine GODE bloggvener der ute:)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails