tirsdag 27. april 2010

Mai...snart!

Snart er det mai, og i helga skal vi i konfirmasjon. Mamma har i heile april sydd på bunadar! Ny skjorte til seg sjølv, sydd ut min (måtte desverre innsjå at kroppen ikkje er den same som når eg fekk den som 15 åring) og sydd inn min lille Hardangerbunad som eg hadde som barn. No skal mi eldste få den;) Ååå det er så stas!! Eg fekk den av mormor og morfar:) Mamma er fødd og oppvaksen i Hardanger, foreldra er frå Solund. Vi er ein familie der alle damene har bunad. Mamma har Hardangerbunad, er Sunnfjordbunad, mormor og svigerinna mi Sognebunad, to tanter med sunnfjordbunad og ei med Sunnhordalandsbunad. Søskenbarnet mitt har ein frå Rogaland, hugsar ikkje namnet... Kan tru vi er fine samla;))




Her sit eg på kyrkjemuren i Odda som 5 åring:)


Her saman med 3 av mine besteforeldre, besta i Sunnfjordbunad og mormor i Sognebunad



Eg må innrømme at eg synest Hardangerbunaden er den flottaste!! Berre sjå på detaljane:




Ha ein fin dag:)

4 kommentarer:

  1. Flotte bunader og artig med bilete av deg som lita... :-) Har ein Nordhordalandsbunad hengande, men den må det nok desverre gjerast noko med den og skal eg få den på meg att... Burde jo kanskje, er jo eit praktisk og flott plagg å ha...
    No skal eg ut og gå meg ein tur i sola. Nydeleg vær her i dag, men skal visst ikkje vare så får nyte det medan det varer...
    Ha ein fin kveld!
    Klems

    SvarSlett
  2. Så heldig du er..med en mor som steller slikt med bunaden din :)
    Det må føles veldig høytidelig kan tenkes..når familien din er samlet og alle damene i bunad.
    Hardangerbunaden er vakker, rett og slett!
    Selv har jeg ingen, men har ønsket meg det i et par år nå. Mon tro når jeg får det..hmmm. For det ER spørsmål og når..ikke hvis!! Hihi.
    psst: bli med på min give away;)

    God klem,Line

    SvarSlett
  3. Så vakre bunader! Finns nok veldig mange kjempefine i vårt langstrakte land! Takk for helsing inne hos meg! Kjekt at du la att eit spor!

    Klem frå Elin :)

    SvarSlett
  4. Hei :0) Tusen takk for kjempekoselig kommentar på min blogg. Så nydelige bilder og bunader du viser. Kjempefin blogg du har også, jeg gleder meg til å følge deg fremover! Artig å høre at dere også har bygd med Blink Hus og at dere er fornøyde. Ha en fin kveld, vi blogges :0)

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails