søndag 20. juni 2010

Slåttonn

Då er slåttonna godt i gang heime på garden. Vi har vore utom for å hjelp til. Slik er det, på ein gard må ein trå til når det trengs. No er det meldt bra ver nokre dagar og pappa og bror min har slått ned 350 mål!!! Då seier det seg sjølv at dag og natt går i pressing til ein er ferdig.


"Traktoregg" tett i tett:))

Pappa i full drift.

Vi har tre teigar. Her ser vi "skårane" på heimebøen. Godt over 220 mål ligg her!! Håpar vergudane er med på laget:))
Sånn ser det ut i hagen ved gamlehuset no!! Har tatt masse bilete i dag som de skal få sjå seinare. Rein idyll:) Gler meg til ferien:))
I tillegg har vi fått 26 tonn grus tippa på tunet "her inne". Dette skal fyllast i garasjen (før støyping av gulv), eg har luka bedd og vi har hatt ei lita tulle med oppkast:/ Vi har og fått all taksteinen til garasjen. Det har med andre ord gått i eitt!
Ha ein fin kveld.



3 kommentarer:

  1. Så flinke dere har vært, det gjelder å slå mens solen skinner og gresset er tørt vil jeg tro (?!)
    Herlige bilder, her er nedtelling til ferien begynt...gleder meg til fridagene, håper på sol og fine bade temper jeg....skal bli herlig!

    SvarSlett
  2. For en jobb! Dere er flinke som står på:)
    Ja, dette er et nydelig sted. Vakkert gammelt og med sikkert mange gode minner hos deg vil jeg tro.
    Men jeg håper dere får tid til både en og to pust i bakken, nå når været er så utrolig fint.

    God klem fra Line

    SvarSlett
  3. Hei! Takk for alle gode ord inne hos meg! Eg er ein dårleg medbloggar for tida! Har ein pause i hagearbeid akkurat no ;) Flotte bøar dokke har! Men litt av ein jobb... Lukke til vidare med garasjeprosjektet, og så håper eg at veslemor er frisk att!

    Ynskjer dokke alle ei vakker veke med godt vèr!
    Klem frå Elin på Sunnmøre :)

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails