onsdag 22. desember 2010

Julestria..

Jau då eg er her...såvidt;) Denne førjuls tida har ikkje vore heilt som normalt... Som eg har fortalt har vi bytta benkeplater på kjøkkenet som fylje av ein reklamasjon. Etter det har eg ikkje blogga... De skulle berre sett kor kjøkkenet såg ut då snikkarane var ferdig... Skadar på kjøkkendører, lister pluss pluss. Var rett og slett så rasande at eg fann ut det var best å ikkje blogge pga. av faren for å skrive vel mykje stygt!! Heldigvis vert alt som er øydelagt bestillt nytt!!

I tillegg har eg fått tilbod om ny jobb i heimkommunen min, der gamlehuset er! Etter mykje fram og tilbake bestemte eg meg for å takke ja. Dermed vert da flytting på oss til sommaren!! Godt å endeleg ha tatt valget, men veldig spent på korleis dette skal bli...


Har no fått laga ein liten dekorasjon:))

Jula har liksom hatt litt lite fokus... men idag har eg henta fram julepynten:)) Imorgon har eg nokre pakkar som må handlast, så er vi klare for jul! Skal bli så godt å roe heilt ned no!!
God kveld alle saman:)

2 kommentarer:

  1. Gratulere med valg tatt☺
    Brukar senke skuldrane det!☺

    Skjøne godt du blir frustrert når ting ikkje går som det skal!! Håpe du blir fornøgd med kjøkkenet☺

    Kjempefin juledekorasjon☺
    Eg er ferdig med det meste, men har tatt det heilt med ro og vasking har det blitt lite av..tar eit drag med vaskekosten imåra so er det greitt☺

    God jul til deg og dine☺

    Klem M♥

    SvarSlett
  2. Riktig god jul!
    Juleklem frå Randi

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails