mandag 28. juni 2010

Medan vi ventar på sommaren....

Her ventar vi på sommaren! Det er desverre ikkje mykje som minnar om sommar her:( Øs, pøs... Ikkje får vi reist avgårde på ferie før helga heller. Bilen vår fann ut at det var eit greitt tidspunkt å vere vanskeleg på...grrrrrrrrr. Då går turen til Helgeland til min manns familie:) I helga hadde vi feiring av min 30-års dag, litt på forskudd:)) Den var veldig moro... Så kjekt å samle alle vener på ein gong:))

Medan vi ventar på sommaren kan vi jo sjå på nokon glimt frå ferien i fjor:

Storebror blei 9 år:)
Ei flott kyrkje i sentrum av Gøteborg.

Vakre Venaren!



Skjærgårdstreff heime, ungane fekk ansikta måla:)



Solnedgang ovar Florølandet.



Ein fantastisk flott dag på Grotlesanden. Ungane storkosa seg:))) Dette MÅ vere Norges finaste strand!!
Som de ser var sommaren vår flott i fjor. Mange fine turar både i nærområdet og til Sverige. Vi var og ein tur i Tusenfryd:) Ferien fekk desverre ein bråstopp då lillesøster vart sjuk og vi måtte heim... Kryssar fingrane for at ho held seg frisk denne ferien:) No treng vi kvile etter ein vinter med MYKJE sjukdom og ein svært hektisk vår og forsommar på jobb for oss begge.
Ynskjer alle ein flott dag:)




1 kommentar:

  1. Gratulerer med overstått 30års dag! Håper du hadde ein flotte dag!
    Godt å ha nokre sommarbilete frå i fjor å nyte medan vi ventar på årets sommar... Håpar verkeleg den kjem no! For her er ferien i gang.
    Ha ein vakker sommar vidare.
    Klems

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails