lørdag 16. oktober 2010

Barbiekake og barneselskap...

I går hadde vi ikkje mindre enn 16 ungar på besøk her!! Storesøster hadde barneselskap:)) Har lenge tenkt å prøve å lage ei Barbiekake og i går fekk eg tid til det:) Tja... Heilt vellukka vart den kanskje ikkje, men uttrykket til prinsessa då eg tok den ut av kjøleskapet var vert alt strevet og frustrasjon over sukkermassen som vart uformeleg og at skjørtet datt ihop!! God var ho og om eg så skal seie det sjølv;))



Barnebursdagar og papptallerkar er genialt!! Hadde kjøpt fine rosa med polkadottar frå Rice og skjønne prinsesse serviettar frå Sia. Brukte vanlege glas, har eitt mindre i dag;))) Duken er av papir, kosleg å legge fargestiftar utover så kan ungane dekorere duken etterkvart:))


Ha ein fin lørdag alle saman:))


5 kommentarer:

  1. WOOOOW så nydelig!!! For meg ser det ut som en helt PERFEKT barbiekake ;0) Jeg kan tenke meg at den lille vertinna var storfornøyd ja! Ingen tvil om at det må ha vært et vellykka selskap og at du ligger bra an til å bli årets mor thihiii ;o)! Ha en strålende lørdag! Klem fra meg

    SvarSlett
  2. Då vi var små hadde vi og papirduk på bordet, og fekk tegne på den etterpå. Mamma har tatt vare på dei. Utruleg moro å sjå i ettertid:)
    Nydeleg Barbiekake!! Skjønner godt at prinsessa vart fornøgd:) Herleg dekka bord og!
    Ha ein flott laurdag!
    Klem:)

    SvarSlett
  3. Jeg også, som over her..hadde alltid hvit papirduk på bursdagen min og vi fargela etterpå. Alltid morsomt:) En "høydare" det.
    Barbiekaka var det vel ikke noe å utsette på?? den var jo knallfin! Kan tenke meg bursdagsjenta ble fornøyd;)
    Jeg tror jeg må prøve meg på noe lignende når veslemor blir litt eldre..når hun skjønner hva Barbie er:o)
    Neste måned blir hun 3 år. og jeg overhodet ikke begynt å tenke på hvordan jeg skal pynte. Men,men..ideene kommer vel etterhvert;)
    Ha en fiin lørdag Ann. Og tusen takk for kommentaren:) jeg er helt likedan...skifter mening hele tiden.
    God klem fra Line

    SvarSlett
  4. SO nydeleg dette var☺
    Prinsessa mi blir 6 år på torsdag-men eg klare nok ikkje lage ei slik kake til ho..er ikkje flink å lage kaker i heile tatt, men tenkte eg skulle no prøve☺
    Smart med papirduken på bordet-den skal eg høyre om ho er interesert i☺ Ho lyt få bestemme litt sjøl for akkurat når det gjeld bursdag veit ho ka ho vil ha☺

    Håpe du har ein koseleg lørdag og får ein herleg søndag☺

    Klem M♥

    SvarSlett
  5. Så fint du hadde pynta til selskapet, og sjølv om du ikkje var heilt fornøgd med kaka så gjorde det ingenting når prinsessa di likte den så godt! Då var det nok verdt jobben og tida det tok å lage den.

    SvarSlett

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails