tirsdag 27. september 2011

Den vakraste eg veit!




To damer interiør i Stryn er heilt klart den finaste interiørbutikken eg veit om! Iallefall her i fylket;) Dei som jobbar der er usedvanleg hyggelege og varene dei forhandlar er midt i mi "gate". Stilen er ein herleg miks av det elegante og det røffe.


Legg merke til plakaten på veggen, det har ein av dei hyggelege damene teke sjølv og fått printa ut som plakat. Dei har mange ulike som passar ulike årstider. Veldig enkelt og ikkje minst orginalt!




Er det rart at ein trivast her?? Så mykje flott! Stryn er etterkvart blitt ein populær plass å ha hytte med sine mange tilbod både sommar og vinter. Mange av desse hytteeigarane er nok svært glad for utvalet som to damer interiør har:)



Likte så godt lyktene med hjort på!






Skulle du eingong køyre gjennom Stryn så gløym ikkje å stoppe hos To damer Interiør:)

Ha ein fin kveld, eg pleiar framleis ein gjenstridig forkjølelse!

mandag 26. september 2011

Hausten på landet.


Alle bileta idag er frå fagre Stryn!! Ein vakker kommune,verdt eit besøk for dei som ikkje har vore der.

Hausten er så definitivt komen. Det regnar og bles, det er surt og kaldt. Men hausten er så mykje meir: Flotte fargar, sauer på innmarksbeite, store flotte elvar og fossefall, epler og plommer. Og kjem sola fram ein tur så er hausten den desidert finaste årstida spør du meg!

Ha ein fin kveld, eg skal nyte den sofakroken med teen min, medan det piskar på ruta!

søndag 25. september 2011

Heldige meg!!!

Eg har vore så heldig å vinne denne flotte boka i gavedrysset til Anine i Villa von Krogh!! Gleda meg masse til å sette med godt til rette i sofakroken under teppet å drømme meg langt opp på fjellet:)


Ha ein fin kveld alle saman:)

torsdag 22. september 2011

Soveromsdraumar...

Dagane går jammen fort! Eg har vore åleine heime med ungane i 3 dagar, så tida strekk liksom ikkje til anna enn det nødvendige.

Etterkvart som haustmørket kryp over oss og det ular og stormar ute, så kjenner eg behovet vert større og større for å fikse soverommet vårt! Det er ikkje så koslegt med rosa blomster, tapet som ramlar ned og morkent teppe! Så er det det store spørsmålet, korleis skal det bli?? Rommet er ganske stort ca. 16 - 17 m2 med takhøgde på 2,70. Så her er heilt klart eit bra utgangspunkt.

Dette rommet er jo berre lekkert!




Litt meir lux!



Krølle seg saman oppi her saman med elgen i haustmørket er ikkje feil!







Meget delikat...




Litt mykje hotellfeeling kanskje?!




Som mange hos mange andre er dette soverommet ein klar favoritt!!



MEN: Først får eg gjere ferdig 3 gangar og trappa. Trappa skal vi prøve å pusse for så å male den...


Ha ein fin dag alle saman:)










fredag 16. september 2011

Heia Vegard!!!

Gjett om vi er stolt over å ha ein så flott og flink gut her ifrå!!!! I kveld er det Idol og vi stemmer på Vegard Leite frå Værlandet:)) Heia heia!!!


Ha ein fin kveld alle saman:)

torsdag 15. september 2011

Stilskifte??

For dei som har følgt meg ei stund ser nok at min stil er i stadig endring. Kanskje spessielt etter at vi flytta ut i gamlehuset. I nyhuset hadde vi langt meir glitter og glamour, for ikkje å snakke om lysekroner.... det passa godt i det huset. Ein må kjenne på atmosfæren i huset tenker eg. Og dette huset synest eg seier kvardagsbruk og heimekosleg. Litt meir kontrastar, naturmateriale og langt mindre bling og herskapshus. Og jammen trivast vi utmerka med det og! Skulle eg bygd nytt hus, trur eg nok eg vil prøvd nok anna enn forje gang. Og så er det vel slik at vi skiftar stil og endrar meining etter inspirasjon og impulsar rundt oss.









Litt kjøkkenkos frå meg idag.

Klem til alle som er innom!




onsdag 14. september 2011

Grovinngang


Dagane flyr avgårde... Kor blir det av tida igrunn!? Vi har ein masse prosjekt på gang. Det kjekkast er vel at vi endeleg er begynt på grovinngangen. Det skal jammen blir godt. Gler meg til masse knaggar og plass til sko! Litt inspirasjon må ein ha, planane er klare :)




Inspirasjonen i kveld er rett og slett frå Bohus (kommoden er vist frå Skeidar;)), som etter kvart er blitt ein svært så grei plass å legge handleturen ;)

ps. Kan nokon gje meg tips om korleis eg får headern over heile??? Med all teksten over... Dette blei veldig rart:(

God kveld til alle!

søndag 11. september 2011

Feiring i fleire dagar...

Dette har vore litt av ei helg. Vi starta torsdagskvelden med bursdagssfeiring for mannen si farmor, fredag hadde vi stor familiemiddag på restaurant, lørdag var vårt lillegull 3 år og i dag har vi vore i 8 års dag til tremenningen til ungane. God å vere saman med familien:) Vi har såklart hatt fokus på vår 3 åring som forøvrig har vore heime frå barnehgaen ei veke med knekt nase!! JA, det går vist an.... ramla utav ein bår i barnehagen og traff nokon steinar! Ho har fått masse fint til bursdagen sin. Favoritten er nok den nye dukka, Annabell. Den søve, suge på smukken, pratar og skrike. Den har vore i armkroken sidan ho pakka den ut:) Sengeteppet sydde mamma til mi dukke då eg var liten.



Elles har eg jo fortalt før at eg er stor fan av treleikar. Dei er solide og har mykje lenger levetid!! Lillesøster fekk frukost sett med brødristar frå Sprell.no frå storebror og storesøster.










Hos mamma fekk ho doktorkoffert frå Ting. Dette og i tre og tekstilar, noko ganske anna enn desse plastgreiene ein får kjøpt. Ho kjøpte og fiskespel i tre.












Storesøster har og fått gåve frå Sprell.no, magnetbokstavar som vi har hengt på kjøleskapet. Her øver ho seg mange gangar for dagen, kjempelurt for ein førsteklasse.







Eg har og kjøpt noko anna frå Sprell men det må bli ein hemmelegheit endå ;) Storesøster har bursdag om ein månad og eg har ein plan!!






Elles er hjortejakta igang. Første helga har vi fått 5, masse god mat til vinteren ;)






Ha ein fin kveld:)

torsdag 1. september 2011

Litt hauststemning:)

Det er så deilig å varme opp huset med mjuke tekstilar, lys og lyng no når dagane vert kortare og temperaturen fell.


Kuskinnlampa har fått plass på kommoden i gangen:)

Den store lykta er kjøpt hjå Slettvoll. Kunne berre ikkje gå forbi;)

Og jammen kom det seg med kvit dør og;) Men som de ser i spegelen....gjenstår nokre:)

Ha ein fin kveld alle saman:)

onsdag 31. august 2011

Stua vår, før og etter...



Stua begynne å bli klar til å vise fram:) Manglar framleis nokre lister, nye brytarar og noko belysning som skal opp, men det kjem etterkvart. Eg må seie eg er veldig nøgd:) Det eg vel er mest nøgd med er løysinga med å sette oppatt veggen slik som det var frå gamalt av. Deilig å ha to stuer sjølv om her ikkje er dør mellom:) Spisebordet og sofaen er mykje brukt akkurat slik eg håpa, lesing, pc, lekser, teikning og selskap. Men det er ikkje til å komme ifrå att vi har mykje
mindre plass enn vi har hatt tidlegare når det kjem til opphaldsromma... Faktisk 45 m2 mindre, og det merkar vi!! Men det skal gå ei stund tenker eg. Tankane for framtida er mange;)

Før:


Etter:







Eg har vore heime idag etter ein smell i ryggen i går som resulterte i vond rygg, nakke og hovud i dag:( Men etter ein del timar på puta kjem det seg, og reknar med å vere fit for fight i morgon! Har altfor mykje jobb til å ligge heime å døse;)

Klem til alle saman:)

tirsdag 30. august 2011

Fram og tilbake, opp og ned!!

Jentene har sidan vi flytta inn hatt felles rom i 1.etasje. Rommet er igrunn to små rom med buegang imellom. Men å sovne i lag er ikkje så lett og når mammaen må springe opp og ned trappa x-antal gonger i løpet av natta til lillesøster, fekk ho til slutt nok! Dermed har lillesøster flytta opp.... Berre for å sove riktig nok... endå. Alle leikane skal vere nede, ser heiltklart at rommet er mykje meir ibruk når det ligg nede i nærleiken av stua. Og så slepp dei opp og ned i den bratte smale trappa vår!


Her er ganske tomt endå, men det skal vi jo gjerne noko med;)

Og som ein stor pluss vart det mykje betre plass til te-selskap med ei seng mindre:)


Hos storesøster:

Etterkvart som jentene vert større, ser eg vel for meg at dei får kvart sitt rom på loftet. Då blir dette kontor/hobby og gjesterom:)

Eg må og seie hjartleg velkommen til alle nye følgerar, kjempe kjekt at de vil besøke meg innimellom;)

Ha ein fortsatt fin dag alle saman, det skal eg: Vi har 15 års jubileum idag;)

søndag 28. august 2011

Storebror sitt rom!

Det er jo alltid artigt med før bilete med veldig dårleg vindu:)


No kan vi vel kalle storebror sitt rom for nokolunde ferdig! Han skal få ny seng og gardin etterkvart og:) Det vil seie han skal ikkje ha gardin men ei oransj rullegardin. Det bestillle vi på mål, så blir det heilt mørkt:) Fargen er kvit lin. På golvet har vi lagt mørkegrå teppefliser, praktisk dersom det kjem flekkar, berre å ta opp den eine å vaske ev. skifte ei!







Til bursdagen sin ønska han seg pengar og fekk ENDELEG kjøpt seg flatskjerm;)

Mannen har nytta helg til å montere varmepumpe, i morgon kjem ein montør og koplar den til og eg forventar ein liten revolusjon på inneklima fronten;) Innedelen heng over vinduet i gangen, den er ikkje pen, men når alternativet er eit kaldt og rått hus til vinteren, kan ein vel leve med den:)


Ha ein fin kveld alle saman:)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails